Konvoi 2026
Vi gleder oss stort til årets TNT-konvoi, og dette kjem til å bli jækla gøy – som alltid. Vi skal vise oss fram både i aust og i vest, og gu’ beire meg kor kjekt vi skal ha det på turen.
Reiseruta i år er planlagt sånn (med atterhald om endringar):
Søndag 26. juli:
Florø – Svelgen – Måløy – Stryn – Otta – Tangen // Vi startar ved Saga Fjordbase i Florø kl 07.00, og ut i kveldinga endar vi opp hos Eli Mina og Emil Snekkesveen på Tangen.
Mandag 27. juli:
Tangen – Kongsberg – Notodden – Bø i Telemark – Seljord – Odda // Morgonfriske og raske tek vi laus måndag morgon og køyrer mot Oslo, før vi dundrar vidare, med mål om å nå Odda, der Lothepus & Co tek oss imot.
Tirsdag 28. juli:
Odda – Etne – Ølen – Stord – Bergen – Voss // Etter ein kveld og ei natt i Odda, går kovoien vidare til Stord, eit sveip innom Vestlandets hovudstad – Bergen – og vidare til våre nydelege venner på Voss. Det blir camp og litt søvn, om lag på same plassen som i fjor; på Meieritomta.
Onsdag 29. juli:
Voss – Lærdal – Sogndal – Førde – Askvoll – Dale // Onsdag føremiddag fyrer vi opp motorane, og målet er Dale i Sunnfjord, men mot all sunn fornuft tek vi sjølvsagt ikkje kortaste vegen, for også sogningane må få vinke til oss, så det blir innom Lærdal og Sogndal, og deretter dundrar vi rett gjennom Førde og vestover til Dale, der Rune Alværvik har lova å ordne ei strålande mottaking for oss.
Torsdag 30. juli:
Dale – Øveråshøgda – Leirvik – Lavik – Høyanger – Sande – Førde // Torsdagen blir som ein kosedag å rekne. Sjå kartet under. Vi tek turen langs vakre Sognefjorden og til Høyanger, der vi svingar innom Per A. Øren, før vi litt utpå ettermiddagen køyrer til Sande og inn på området til Nistad Transport. Her blir også oppstillingsplass for alle lokale heltar som vil følgje konvoien fram til festivalområdet. Vi reiser frå Sande ca kl kl 17.00, og kjem til festivalområdet kl 18.00. Deretter blir det fest, med bilar, drifting, musikk, mat og drikke og skitprat til langt på natt. I tre dagar til endes!
Som det står i starten av teksten: det kan bli endringar.
Alle som ønskjer å vere med på konvoien er hjarteleg velkomne med sitt lovlege køyretøy - stort eller lite, gammalt eller nytt. YIIIHAAAAA!