Frivillig

Vil du vere frivillig på Trøkk n’ Truck 2024?

Vi treng hjelp. Masse hjelp!
Det har vi fått kvart år, det håpar vi på i år også.

Saman gjer vi festhelga Trøkk n’ Truck enno bitte litt betre for kvart år, for deg, for oss og for alle andre. For å lage festivalmoro for alle, treng vi fleire frivillige, som kan vere trivselsvakter, stå i barar, rydde og mykje anna.

Dersom du jobbar torsdag og fredag får du gratis inngang laurdag.  Jobbar du laurdag får du gratis inngang torsdag og fredag.

Vil du vere med og jobbe frivillig?  Fyll ut kontaktskjemaet då vel – og bli med på festen!