TRØKK N' TRUCK 2025 - U18
31. juli
Ankerløkken, Førde
U18-konsert med Morgan Sulele og Olivia Gnananantham Husabø frå The Voice – på eige område på festivalen.
Også i år lagar vi til eit eige alkoholfritt område med fri aldersgrense torsdag 31. juli.
Vi oppmodar om at barn og ungdom har med ein vaksen som følgje.
Eigen inngang:
Det blir eigen inngang for U18 til festivalområdet via kaia mot Hornnes. Området for U18 blir skilt frå resten av festivalen med gjerde.
Dette området er alkohol- og rusfritt. Dette har vi nulltoleranse for.
Billett kr 275 + billettavgift. Same pris for både barn, ungdom og føresette.
Ordinære festivalpass og torsdagspass har også gyldig inngang på dette området.
- Dørene opner kl 19:30
- Konsert med Olivia Gnananantham Husabø kl 20:30
- Konsert med Morgan Sulele kl 21:15
- Slutt ca kl 22:15
Alle U18 må forlate området rett etter konsertslutt.
