Vil du vere frivillig på Trøkk n’ Truck?

Vi skal lage fest tre dagar til ende – og vi treng di hjelp

Simon, Arild, Oddne, Freddy, Terje, Roy, Jan Egil, Arne, Espen og Tore har ein plan. Ein plan om å lage ei festhelg i Førde det vil gå gjetord om i hundrevis av år.
For dei som huskar den då. Ei slik helg som vi laga i fjor. Du huskar den nok – for vi såg deg jo der.
Men det vi lærte i fjor, var at 10 mann kan ikkje lage superfest på eigen hand. Vi treng hjelp. Masse hjelp! Det har vi fått dei første to åra,  det håpar vi på i år også.
Slik at vi klarar å lage festhelga Truck n’ Trøkk enno bitte litt betre, for deg, for oss og for alle andre. I år blir det TNT både torsdag, fredag og laurdag – så i år treng vi verkeleg deg.

Vil du vere med og jobbe frivillig?  Fyll ut kontaktskjemaet då vel – og bli med på festen!

Send meldinga