LAG TRØKK N’ TRUCK SIN NYE FESTIVALÅT – OG VINN 50.000 KRONER

I fjor laga bandet Krom festivallåt til oss (https://www.youtube.com/watch?v=v2F_dIVW3fM).

Det enda også med at vi laga ein knalltøff musikkvideo. Og så fekk vi blod på tann: Vi har lyst på mange fleire tøffe Trøkk n’ Truck-låter. I år går vi breitt ut, for  å få flest mogleg bidrag: Vi lyser ut ein konkurranse – der vinnarlåta stikk av med 50.000 kroner!

Vi premierer også det nest beste forslaget med 10.000 kroner, og tredjeplass får 5.000 kroner.

Kven kan delta?

Om du er ung og lovande musikar? Eller ein rocka veteran? Drøymer du om å bli den neste countrystjerna? Eller har du ein digital superhit på hjernen? Vi er ikkje så opptekne av sjanger – vi vil berre ha tøffe og kule festivallåtar.

Så om du drøymer om å nå ut til den elleville Trøkk n’Truck -fansen der ute, og enno breiare, og kanskje få gleda av å høyre låta di ljome over høgtalarane til tusenvis av tilskodarar på årets festival, er det berre å hive seg rund og byrje å skru.

Kva type låtar kan eg lage?

Vi stiller ikkje krav om spesifikke sjangrar, men det er lurt å ha i mente kva Trøkk n’ Truck handlar om: Fest og moro, festivalliv, trøkk, bilar, lastebilar og alt som lagar lyd og halloi og liv og røre. Feite bilar, konsertstemning og party.

Lydfil, eller link til lydfila, må sendast til post@tntforde.noinnan 15. mai.

KRAV FOR Å DELTA:

  • Songen må ikkje publiserast før samtykke er gitt frå TNT Førde.
  • Det blir laga offentlig avstemming på dei nominerte songane.
  • Songen skal publiserast på Spotify, anten av artist eller TNT. Om vi må legge ut songen, vil inntektene frå avspeling tilfelle oss. Om du legg ut sjølv, vil inntektene tilfelle artisten.
  • TNT og artisten har alle rettar til musikken. Vi kan nytte songen i alle samanhengar vi ønskjer, og artisten har same rett.
  • TNT føreheld seg retten til å nytte alt innsendt materiell til marknadsføring, filmar, postar på sosiale medium etc.
  • Juryen vil plukke ut dei 10 beste bidraga, som går vidare til ein finale.
  • Tal avspelingar på Spotify blir teljande i konkurransen, men ikkje avgjerande åleine. Ein ekstern jury vil poengbedømme dei 10 beste bidraga, og saman med tal avspelingar vil ein til slutt stå att med dei tre beste melodiane, som vil bli premiert med høvesvis 50.000, 10.000 og 5.000 kroner.

Lukke til!