Litt info før festivalen til helga.

For at vi skal ha det så trygt og godt som mulig på årets festival, må alle som kjem ha koronasertifikat. Vi tar
smittevern på alvor. Årets festival føregår utandørs.

Kohortar:

Vi har i år selt billettar i sone 2, 3 og 4. Alle som har kjøpt billettar i 2019 og 2020 hadde opprinneleg plass i sone 1. No slår vi saman dei med billettar i Sone 1 og 2 til ei sone, altså Kohort A, og dei som har billettar til sone 3 og 4 blir samla i Kohort B – med 500 personar i kvar Kohort. Det er dessverre ikkje mogleg å bytte kohortar.

Vi opnar dørene kl 20.00 på torsdag, og elles så må du sjekke nettsida vår: tntforde.no, og der står heile programmet med opningstider og alt du treng å vite.

Vi er evig takknemleg til Borghild og gjengen ved Sunnfjord og Ytre Sogn Interkommunale legevakt.

Sjekk allereie no om du har gyldig Koronapass på helsenorge.no. Du må vere fullvaksinert, eller ha tatt første vaksine for minimum 3 veker sidan, eventuelt hatt Korona dei siste 6 månadane. Visst ikkje må du ta hurtigtesten på Førdehuset.

Viktig info til deg som skal ta hurtigtest:
Du bør la vere å brus/mineralvatn minst 1 time før du møter til test, då det kan påverke resultatet og fører til positivt resultat, sjølv om du ikkje har smitte. Det er oppfordringa frå dei smittevernsansvarlege som utfører testen.

Testtidspunkt for hurtigtesting i Førdehuset:

Torsdag: 11.00 – 12.00 og 17.00 – 19.00
Fredag: 11.00 – 12.00 og 17.00 – 19.00
Laurdag: 14.00 – 16.00

Det skal vere god kapasitet til testing, men møt gjerne opp i god tid – og ver tolmodig.

 

 

Før du skal inn på festivalområdet:

Ha med telefonen din. Logg på helsenorge.no og ha QR-koden klar. Dette for å unngå kø. Du må ha med bankbrikke eller bank-ID på mobil for å kunne logge deg på.

Hurtigtest-pass gjeld i 24 timar frå testtidspunkt. Registreringar vert lagt inn ETTER at testing er ferdig,. Det betyr at dei som tester seg kl 19.00 kanskje må vente til kl 21.00 for å få pass (alt etter pågangen). Du er sjølv ansvarleg for å ha gyldig koronapass for at vi skal kunne sleppe deg inn på festivalen.

 

 

Konvoi torsdag
Torsdag 12.08.21 blir det konvoi frå industriområdet på Moskog, til Førde. Oppmøte klokka 16.30. Vi køyrer til Førde klokka 17.30, og kjem fram til festivalområdet cirka klokka 18.00.
Alle som har noko kjekt å køyre med, anten det er bil, motorsykkel eller tungbil er hjarteleg velkommen til å bli med.
OBS: Vanlige bilar og motorsykkel blir ikkje slept inn på Øyrane – dei blir vinka vidare – kun lastebilar/storbilar.
Vi oppmodar alle til å helse og vinke til oss langs vegen, store som små. Og husk: hald avstand og tenk smittevern.