Trøkk n’Truck: Familiemoro på dagen – festivalmoro om kvelden

Tenk om du kunne kombinere å sjå utstilt feite sportsbilar, veteranbilar, Amcar og lastebilar, pluss teste ut ulike motoriserte køyretøy, eller ta turar med sjøfly og helikopter. Og så plusse på med gode mat- og drikkeopplevingar, fjord-aktivitetar i regi Våt Moro – og heidundrande fest to kveldar på rad med countrymusikk frå Nashville og landets beste AC/DC-band? Ja, kvifor ikkje, tenkte vi. Og svaret er Truck n’Trøkk! Vi vil prøve å skape ein folkfest som bygger glede og stoltheit. Det klarte vi i 2017 – og i 2018 går vi til igjen.

På laurdag og søndag legg vi opp til familiemoro på dagtid. Vi satsar på breidde i programmet med gratis aktivitetar og opplegg for store og små. Her blir det gøy – uavhengig av bilinteresse. Coop riggar seg til med utstyr for matlaging, og det same har Kim Andre Aase, så her blir rikt høve til å kjøpe god mat – og drikke. Det blir høve for turar med sjøfly og helikopter, du får prøvd både lastebilsimulator, go-cart, gravemaskin og rodeo pluss mykje anna moro. Det vil bli rigga til ei simulert storbilulukke, der alle naudetatar er kopla på.

Vi får også besøk av den legendariske Il Tempo Gigante, så her får du eit unikt høve til å sjå ein av Norge sine mest berømte bilar. I år som i fjor blir det også høve til å kjøpe sjørøvarturar på fjorden med galeasene Svanhild og Lojal.

For dei tøffaste kan vi by på noko heilt spesielt: Formel 1-båttur, saman med Marit Strømøy. Turen kostar 2000 kroner, og blir garantert eit minne for livet.

Festival om kvelden – billege helgepass no

Fredag 10. og laurdag 11. august riggar vi til fest på verftsområde til Hellenes på Øyrane i Førde. Her blir det fest, dans og moro. Dette blir to dagar du seint vil gløyme, fylt med god musikk, god drikke og kjekke opplevingar. Musikken blir i sjangerane rock og country. Vi hentar band  frå både Nashville og Norge, i år som i fjor, blant anna to av landets beste AC/DC tribute-band, som leverer det ultimate innan rock.

Prisar:

Helgepass – både fredag og laurdag kveld – kostar  700 kroner – inntil vidare. Så her er det berre å hive seg rundt og sikre seg. Prisen i døra blir høgare.

Slik kjem du deg til Førde

Festivalområdet til Trøkk n’Truck ligg på Øyrane, på området til bedrifta Hellenes. På biletet under ser du ruta ut dit med utgangspunkt i buss-stasjonen Firda Billag, midt i Førde sentrum.
Om du kjem bil til Førde, er det berre å ta av frå E39 på Rv5, og følgje skiltinga til Øyrane, ta av der og køyre til endes.

Førde ligg sentralt til i Sogn og Fjordane, langs E39. Det gjer Førde til eit knutepunkt for busstrafikk. Det går ekspressbussar Oslo–Førde, Bergen–Førde og Førde–Trondheim. Førde Lufthamn Bringeland har direktefly Oslo–Førde og Bergen–Førde, og flybuss-samband til Førde sentrum.

http://www.kringom.no/ekspressbuss.383973.no.html