Vil du vere frivillig på Trøkk n’ Truck 2022?

Vi skal lage fest tre dagar til ende – og vi treng di hjelp

Vi treng hjelp. Masse hjelp! Det har vi fått kvart åra, det håpar vi på i år også.
Saman gjer vi festhelga Trøkk n» Truck enno bitte litt betre for kvart år, for deg, for oss og for alle andre. I år blir det full utgåve med konsertar og fest både torsdag, fredag og laurdag – så i år treng vi verkeleg deg. For å lage festivalmoro for alle, treng vi fleire frivillige, som kan vere trivselsvakter, stå i barar, rydde og mykje anna.

Viss du jobbar torsdag og fredag får du gratis inngang laurdag.  Jobbar du laurdag får du gratis inngang torsdag og fredag.

Vil du vere med og jobbe frivillig?  Fyll ut kontaktskjemaet då vel – og bli med på festen! Med på kjøpet får du med deg all moroa frå Hagle, Ausekarane, Stavangerkameratene, Gardsbruk, Vossarebel og fleire.
Viss du alt har meldt deg, så er du registert.

Send meldinga