VI PRESENTERER DEI FANTASTISKE BANDA SOM SKAL SPELE PÅ VERDAS BESTE TNT 2020

Trøkk n’ Truck handlar om å ha det gøy. I år startar festivalen torsdag 6.august, og så held vi det gåande til og med laurdag 8. august.

Konsertprogram 2020:
Torsdag 6. august:
Rotlaus

Fredag 7. august:
D.D.E

Laurdag 8. august:
Staysman & Lazz
Dirty Deeds

3 dagar med DJ Moonshiner

DJ Moonshiner er ein Country-DJ med ein solid CV, etter å ha delt scene med både Rotlaus og Gunslingers på utsolgte konserter. Han er et kjent fjes på Jack`s country saloon i Bergen når han ikke på er ute på tur på bygda.

Med sin egen stil kombinerer DJ Moonshiner det beste fra moderne Country med god Norsk ”BygdaCountry”.

Torsdag

Rotlaus og rastlaus og klar for ein fest?

Frå Rotlaus platedebuterte med «Bygderamp» i 2016 har alle piler peika oppover. Rotlaus har på rekordtid blitt eit av dei mest ettertrakta livebanda i Norge – som særs mange har ønska seg til Trøkk n’Truck. Og i 2020 klinkar vi til med bandet som har teke festivalar, idrettsarenaer og klubbar med storm dei siste fire åra. Rotlaus speler meir enn dei fleste, og dei verkeleg elskar jobben sin, noko som ikkje er vanskeleg å sjå. Dei har smittande humør, og ein særeigen nærleik til sitt publikum. Rotlaus har sangar til kvardag og fest, til mot-og medgangar. Det er songer til deg!

Med songar som «Rundt neste sving», «Berre i natt», «La dagen vare evig», «Byjenta» og «Når vi to blir ein» garanterer vi allsong, fest, kjensler og moro heile kvelden!

Fredag

NO BLIR DET LIV – D.D.E kjem

Det er vanskeleg å sjå for seg eit band som er meir Trøkk n’ Truck-vennleg enn D.D.E – og etter hektisk bookingaktivitet i vinter var vinsten i boks: D.D.E kjem til TNT 2020.

I 28 år går bandet levert prima fest-underhaldning, og vore eit av Norge sine hardast arbeidende og turnerande band. Faktisk har dei halde på så lenge at det ikkje skulle undre oss om mange av dagens fans vart unfanga til Vinsjan på kaia.

D.D.E er ein garantist for liv og røre i kvar ein krik og krok dei speler. Ryktet som eit liveband som speler fletta av små og store festlokale har bygd ein enorm fanskare: D.D.E er ein garantist for ein bra fest.

Dei har aldri vore eit band for kritikarane – men om du er glad i fest, dans og å ha det gøy, så er det umulig å ikkje la seg rive med når klassikarane frå den velfylte låtkatalogen kjem som perler på ei snor.

Fredag 7. august kjem dei til Trøkk n’ Truck i Førde, med turnebussen stappa full av hits: “Det umulige e mulig”, “Vinsjan på kaia”, “Det går likar no”, “E6”, “Det fine vi hadd sammen”, “Rompa mi” eller “Ka e det du vil”.

Når orda «her blir det liv» runger ut i salen – så veit alle at svaret kjem: Rai Rai! Kva anna band har utvida det norske språk med eit nytt ord?

Laurdag

Staysman & Lazz serverer godt steikt pizza, levert med Volvo og Viagra

Staysmann & Lazz var i 2015 ein av dei aller mest streama artistane i Norge. Singlane «Kaptein Morgan», «Frk Moet», «Brun og Blid» og «Se så Glad Nissen er», har alle fleire millionar strømmingane. Duoen frå Fredrikstad slapp sitt første album våren 2014: «Helt sykt store hits». Sidan har Staysmann & Lazz, med Stian Thorbjørnsen i spissen, spelt utselde konsertar Norge rundt, gang på gang. Og kvar einaste gang denne gjengen inviterer til fest., blir du servert eit sceneshow utan like. Og etter deltaking i MGP i 2015 tok det heilt av, når dei serverte Norge “En godt stekt pizza”.

I 2017 kom plate nummer 2: «Helt sykt vol 2»

Året sin singel: «Volvo & Viagra» summerer vel eigentlig Trøkk n’Truck opp i tre ord: Fest, moro og råning. Vi gler oss.

Dirty Deeds er eit Buskerud som speler AC/DC- og ingenting anna. Dei leverer eit forrykende AC/DC show med låter frå heile AC/DC katalogen, fra første album med Bon Scott på vokal, til siste album “Black Ice” med Brian Johnson. Dei speler klassikarane, og plukkar ut mindre kjente godbitar.

Dirty Deeds har ein fantastisk sologitartist i Tor Ivar “Angus” Johansen, som stripper, “Duckwalker” og vrir seg på scenen i skuleuniform, som Angus Young. Dei har også sin “Brian Johnson” i Brede Solberg, som synger og vralter rundt på scenen i sixpence med “Angus” på skuldrene.

Dirty Deeds har turnert og spelt over heile landet, og blir rekna av mange som sin Norges beste AC/DC tribute band!