VI PRESENTERER DEI FANTASTISKE BANDA SOM SKAL SPELE PÅ VERDAS BESTE TNT 2019

Trøkk n’ Truck handlar om å ha det gøy. Det var ei suksessoppskrift i 2017 og 2018 –  så no knallar vi til for alvor: Vi utvidar festivalen med ein ekstra dag! Det betyr meir musikk, meir fest og meir moro for deg. I år startar festivalen torsdag 8.august, og så held vi det gåande til og med laurdag 10. august. I år får vi også ein prominent konfransier, i form av sjølvaste Alex Rosen!

Konsertprogram 2019:
Torsdag 8. august:
Pubmix går på scena kl. 22.00
Gunslingers går på scena kl. 00.00

Fredag 9. august:
ViMenn går på scena kl. 21.30
Plumbo går på scena kl. 23.00
HitCompany går på scena kl. 01:00

Laurdag 10. august:
Låtkonkurranse, fleire artistar går på scena kl 14.30
Lynyrd Skynyrd Tribute Band går på scena kl 21.00
TNT går på scena kl. 23.00
Dirty Deeds går på scena kl 00.45

3 dagar med DJ Moonshiner

DJ Moonshiner er ein Country-DJ med ein solid CV, etter å ha delt scene med både Rotlaus og Gunslingers på utsolgte konserter. Han er et kjent fjes på Jack`s country saloon i Bergen når han ikke på er ute på tur på bygda.

Med sin egen stil kombinerer DJ Moonshiner det beste fra moderne Country med god Norsk ”BygdaCountry”

DJ Moonshiner speler i Nashvillebaren torsdag, fredag og laurdag.

Under ser du kva band som speler på Hovudscena.

Torsdag

Gunslingers

Gunslingers har spelt fleire hundre konsertar gjennom 11 år, på alt frå små hotell, samfunnshus og dei siste åra som headliner på mange av landets største festivalar. Gunslingers har danna eit veldig godt samspel mellom musikarane og med sitt høge energinivå på konsertane skapar bandet ein uforklarlig kjemi og stemning mellom publikum og band. Musikken fungerer for alle aldrar og i alle kretsar, dei fyller dei største konsertscenene i byane til store idrettshallar i bygde-Norge.  Våren 2018 gav Gunslingers ut Albumet Hardanger og etter denne har dei daglig over 50 tusen streams samt over 130 tusen månadlege lyttarar på Spotify. No kan du oppleve dei på Trøkk n’ Truck.

Pubmix

Frå 1996 til 2009 var Pubmix ein smått legendarisk lokal duo som spelte seg frå pub til pub, og laga fest og kjempeliv. I mange år var dette levebrødet til Almar Bruland og Steinar Vie. I 2009 søkte dei andre musikkprosjekt. Men publikum gløymte dei aldri. I 2017 gjorde dei comeback på Larris Scene, som Pubmix Band med Arne Mo på trommer og Gunnar Indrebø på bass. Det gav meirsmak, både for bandet og publikum. Pubmix Band kjem til Trøkk n’ Truck, lasta til randen med gamle slagarar med helling mot countrysjangeren. Tenk Creedence Clerwater Revial – og puss opp allsangstemma di så du er klar.

Fredag

En mørk haustkveld år 2000 danna ein gjeng ungguttar i Sande i Vestfold bandet Plumbo.
Nitten år etter er namnet Plumbo blitt allemannseige, og det blir assosiert med musikk, god stemning, fest og allsong. Enten du køyrer bil, er på konsert, fest, på jobb, eller heime, er Plumbo sin musikk noko du høyrer igjen og igjen. Det er soundtracket til en ny generasjon, dei som veks opp med norsk musikk som ein del av den kulturelle godteposen.
Plumbo er et rutinert liveband, med bredde, variasjon, og trøkk.
Pur spilleglede, scene-entusiasme og høg allsongfaktor kjenneteiknar konsertane. Dei kombinerer ulike stilarter som pop, rock, folk, og boogie, og har eit lydbilete med tunge gitarveggar dandert med fløyte, trekkspill og fele-tonar.
I 2019 speler Plumbo på Trøkk n’ Truck.

ViMenn

ViMenn er eit lokalt band, stifta i 2000, beståande av rutinerte musikarar: Agnar Gjelsvik, Einar Jakobsen, Torgrim Rødvik og Ole Martin Frimannslund. Dei byr på ein herlig blanding: frå dansemusikk og joik til pop og rock – men nokre ting berre må med: Dire Straits, Åge Aleksandersen, Clapton, Sting, Pink Floyd, Stevie Ray Vaughan, Bjørn Eidsvåg og Evert Taube.

Lytt til ViMenn

Hitcompany

Når festen strammar seg til, og stemninga skal i taket, er det berre ein ting som gjeld: Dei beste låtane frå 80-talet og eit stykke ut på 90-talet. Bandet Hit Company er eit tøft liveband frå Førde, som sidan 1998 har levert pop/rock-klassikarar til festsvoltne -publikummarar. Her får du dei beste låtane frå band som blant anna Bryan Adams, Bon Jovi, Europe, John Farnham, TOTO, Van Halen, U2, TNT, Dum Dum Boys med fleire.
Her kjem du til å føle deg ung og sprek – til langt på natt. Hit Company har skapt kjempeliv på Trøkk n’ Truck gang på gang, med eit set som skapte allsang som nådde langt utom festivalområdet. Vi gleder oss – det bør du også gjere.

Laurdag

TNT

TNT er tilbake i knallform!

TNT er eit norsk hardrockband, danna i Trondheim i 1982. Bandet sin melodiske tilnærming til hardrock vart fort lagt merke til. «Knights Of The New Thunder» (1984) vart også lansert i utlandet. TNT selde mykje i USA og spesielt i Japan av «Tell No Tales» (1987), som gikk til topps i Norge, der bandet nådde 2. plass med singelen «10 000 Lovers». Albumet fikk også Spellemannsprisen.

«Intuition» (1989), hamna på Topp 5 i Norge. Seinare har dei gitt ut albuma «Firefly» (1997), «Transistor» (1999), «My Religion” (2004) “All The Way To The Sun” (2005) og “Live In Madrid” (2006). “The New Territory» (2007), «Atlantis» (2008) og «Engine» (2010), med Tony Mills på vokal.

Albumet «XIII», frå 2018, er deira 13.album! Fulle hus i storbyar og mykje knallkonsertar på store festivalar i fjor, tydar på at mange set pris på eit nytt møte med eit av landets beste rockeband.

Ronni Le Tekrø – gitar, Baol Bardot Bulsara – vokal, Diesel Dahl – trommer, Ove Husemoen – bass, Roger Gilton – tangentar

Dirty Deeds er eit Buskerud som speler AC/DC- og ingenting anna. Dei leverer eit forrykende AC/DC show med låter frå heile AC/DC katalogen, fra første album med Bon Scott på vokal, til siste album “Black Ice” med Brian Johnson. Dei speler klassikarane, og plukkar ut mindre kjente godbitar.

Dirty Deeds har ein fantastisk sologitartist i Tor Ivar “Angus” Johansen, som stripper, “Duckwalker” og vrir seg på scenen i skuleuniform, som Angus Young. Dei har også sin “Brian Johnson” i Brede Solberg, som synger og vralter rundt på scenen i sixpence med “Angus” på skuldrene.

Dirty Deeds har turnert og spelt over heile landet, og blir rekna av mange som sin Norges beste AC/DC tribute band!

Lynyrd Skynyrd Tribute Band

The Lynyrd Skynyrd Tribute Band er akkurat det som navnet sier. En hyllest til at av sørstatsrockens største band: Lynyrd Skynyrd.
Låter som Sweet Home Alabama, Freebird, Gimme three steps, Simple Man er nok kjent for de fleste. Reportoiret består av alle kjente og noen mer ukjente Skynyrd låter fra Pronounced fra 1973 frem til og med Street Survivors fra 1977.

Click here to add your own text