Låtkonkurransen er tilbake – du kan vinne 50 000 kroner! 

Vi elskar musikk, og mest av alt songar som handlar om Trøkk n’ Truck, og det vil vi ha meir av. Derfor lanserte vi Låtkonkurransen i 2019. No køyrer vi i gang igjen, og vi håpar på mange tøffe Trøkk n’ Truck-låtar. Vinnarlåta i konkurransen stikk av med 50 000 kroner!

 

Kven kan delta?
Du kan delta dersom du er: Ein ung og lovande musikar, ein rocka veteran, er med i eit nytt eller gammalt band, du er ei kommande countrystjerne eller du har ein digital superhit på lur. Med andre ord: Alle som har laga, skal lage eller drøymer om å lage musikk. Vi er ikkje så opptekne av sjanger – vi vil berre ha tøffe og kule festivallåtar.

Så om du drøymer om å nå ut til den elleville Trøkk n’ Truck-fansen der ute, eller endå lenger ut, og kanskje få gleda av å høyre låta di ljome over høgtalarane til tusenvis av tilskodarar på årets festival, er det berre å hive seg rund og byrje på låta.

 

Kva type låtar kan eg lage?
Låtane må omhandle Trøkk n’ Truck-festivalen på eit vis. Eit tips er at det kan vere smart å ha i mente kva Trøkk n’ Truck handlar om: Fest og moro, festivalliv, bilar, lastebilar og alt som lagar lyd og halloi og liv og røre. Feite bilar, konsertstemning og party.

 

Lydfil, eller link til lydfila, må sendast til post@tntforde.no innan 15.juli.

 

KRITERIER:

Songen må ikkje publiserast før samtykke er gitt frå TNT Førde.
Det blir laga offentleg avstemming på dei nominerte songane.
Alle nominerte bidrag vil bli publisert på Spotify, tidlegast 1.juli, seinast 15. juli. OBS: Husk at det kan ta tid før Spotify legg låten etter at du har lagt den inn. Send fila til oss også.
TNT og artisten har alle rettar til musikken. TNT kan også nytte vinnarbidraget i alle samanhengar vi ønskjer, og artisten har same rett. TNT føreheld seg retten til å nytte alt innsendt materiell til marknadsføring, filmar, postar på sosiale medium etc.
Det blir satt saman ein uavhengig jury som kårar vinnaren på Trøkk n’ Truck 2022. Tal avspelingar på Spotify blir teljande i konkurransen, men ikkje avgjerande åleine. Vinnaren bli premiert med 50.000 kroner.