Trøkk n’Truck – den heftigaste helga i Sunnfjord

11. til 13. august eksploderer Sunnfjord sin nyaste festival: Trøkk n’Truck – på verftsområdet i Førde. Vi lovar like mykje liv, røre og støy som då dei bygde skip der.

Tenk deg om du kunne kombinere eit amcartreff med eit sportsbilentusiastmøte, plusse på med feite lastebilar, ta del i motorrelaterte aktiviteter – frå helikopterflyging til go-cart, få servert gode mat og drikke, kose deg på sjøen i regi av Våt Moro og delta på to heidundrande festkveldar med countrymusikk frå Nashville og landets beste AC/DC tribute-band? Ja, kvifor ikkje lage til noko sånt, tenkte vi. Og svaret er Trøkk n’Truck!

– Trøkk n’Truck blir ei herleg samling av folk som likar lastebilmiljø, gatebil, amcar, veteranbilarr, bilstereo-folk og det meste anna som har motor å gjere, inkludert vass-sport. Det blir musikk, blant anna av eit AC/DC tribute-band som leverer det ultimate innan rock, samt country både frå Nashville og Norge, seier prosjektleiar for festivalen, Simon Vie.

Familiemoro på dagtid – fest på kveldane
Det er rom også for dei berre vil ha morosame opplevingar, uavhengig av bilinteresse.
– Vi legg opp til ei lang rekke aktivitetar, både til lands og på vatn. Aktivitetar som skal vere morosame å sjå på og delta på for alle og ein kvar. Blant anna riggar vi til ei storbilulukke-simulering, med alle naudetatar inkludert. Ein får prøvd både trailer, og-cart, gravemaskin og rodeo, pluss mykje anna moro. Det blir også høve til å delta på turar med sjøfly og helikopter. Våt Moro-gjengen Florø kjem også for å lage til ulike aktivitetar på fjorden.
– Coop stiller opp for å gje publikum gode matopplevingar. Det blir rikt høve for å få leskande drikke også, seier han med glimt i auget, og tipsar om Sunnfjord sitt luftigaste serveringsområde:
– Vi dekker bord 110 meter over bakken. Det blir ei oppleving for dei tøffe, smiler han.

Vi treng litt moro!
Heile målet med festivalen er å skape to dagar fylt til randen med kjekke opplevingar.
– Vi legg opp til familiemoro på dagtid, og så blir det fest, dans og moro for dei vaksne på kvelden. Dette blir to dagar du seint vil gløyme, lovar Simon.
– Vi skal lage ein folkfest som skaper glede og stoltheit. Vi treng morosame opplevingar i Sunnfjord. Vi har mange flotte arrangement, men det er rom for enno meir moro. Ein kan bli litt misunneleg når ein ser på Malakoff-festivalen på Eid, Oktoberfest i Stryn og karnevalet i Rio. VG-lista til Førde i fjor viste oss at det er mogleg – om vi trekk lasset saman. Arrangementet gav meirsmak, og dermed var prosessen i gang for å skape eit stort, årleg arrangement i Sunnfjord. Primærmålet er å skape ei underhaldande helg, der folk kan ha det sosialt og kjekt saman, avsluttar Simon.